18.okotber var mellom 150 og 200 menneske med og gjekk i fakkeltog i solidaritet med forfølgde kristne. Tidlegare generalsekretær i Åpne Dører, Stig Magne Heitmann, var med og heldt appell på torget og tale i kyrkja, og alle synteste han hadde ein sterk bodskap å formidla. Han la vekt på at midt oppi ubeskrivelege vanskar, gjer Gud store ting i den muslimske verda. I Egypt tetnar forfølginga til, men koptarar og evangeliske kjem saman for å prisa og påkalla Gud, noko som var utenkeleg for nokre år sidan. Nå treng dei kvarandre. Og Heitmann minna om profetien i Jesaja 19 om Egypt, der det står at denne nasjonen ein dag skal tilhøyra Israels Gud, og det er grunn til å tru at denne spådomen no står framfor oppfyllinga si. Han fortalde også om unge kristne i Egypt som lever etter mottoet: «Dei sprenger kyrkjene våre, men me reagerer med å tilby oss å mala husa deira.»
Det vart på alle måtar ein uvanleg fin kveld med lovsong, tale, bøn og korsong. Her er fleire inntrykk:
Stig Magne Heitmann talte innsiktsfullt, engasjert og sterkt.
Koret Ichtys varta opp med fengande Crouchrytmar frå 70-talet
Så vart det tent lys for dei landa der det er hardast forfølging av kristne
Eit herleg lovsongsteam tenestegjorde på ein suveren måte