Natt til søndag var me ein gjeng ute for å dela evangeliet og anna godt med Stords unge menneske. Det vart fantastiste timar. Gud hadde tydleg kome oss i forkjøpet og førebudd hjarto. Ikkje èin som ville krangla om noko som helst, dei ville berre vita meir og var overraska over å høyra korleis ting heng saman. «Dette var jo dramatisk,» sa ein då det gjekk opp for han at Gud har retten på livet hans, og at han må stå til ansvar for vala sine. Me fekk også be for nokre. Me gjekk oppmuntra heim.
På bilete ser me Willy Ersland, Harald Ersland, Marit Helene Aas og Karim Sajedi.