Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2012Monthly Archives

Gudsteneste

Så blir det gudsteneste i Utbygdo grendahus i morgon, den 23. sept. kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala om då Jesus vekte Lasarus opp frå dei døde. Ingen som var vitne til dette var i ettertid i tvil om Guds suverenitet. Vel møtt til alle.

Jesusvogna

På vegen til Agenda 1 var me innom Sola og kjøpte oss ei campingvogn som me skal bruka i evangeliseringsarbeidet vårt. Vogna er fint innreida med 2 salongar, kjøleskap, komfyr, toalett og stereoanlegg. Her har me skaffa oss eit rom der me kan ta folk inn og prata  og be i rolege omgivelsar.

Agenda 1

20.-22 september var Marit Aas, Marie Notland og Jens Thoresen på Agendalæresamling i IMI-kirken i Stavanger. Agenda 1 er eit kyrkjelydsutviklingsprogram som handlar om å disippelgjera medlemmene i kyrkjelyden. Samlinga var prega av intenst arbeid frå morgon til kveld. Det var føredrag og gruppearbeid. Mest av det siste.

Marit og Marie ved frukostbordet i 21 etasje i Rica Froum hotell. Flott utsikt.

Evangelisering med mange gode samtalar og nye kontaktar

Laurdag 15.sept var me på gata igjen. Etter ein litt treg start, kom me oss skikkeleg i gong for fekk delt evangeliet med mange. Både kristne og ikkje-kristne kom bortom og tok kontakt, og med med dei. Alle fekk lappekaker og evangelielappar med seg på vegen. På bilete ser me frå venstre Jørn Rune. Marit, Tone Synneve, Åsmund, Jon og vesle Adam (som viste ein imponerande tolmodighet). I tillegg til denne gjengen, var Marie også med.

Fin dåpsgudsteneste søndag

Pastor Jens Thoresen ber for og velsignar vesle Levi Elias etter at han har vore gjennom dåpsbadet.

Og etter gudstenesta var det fest med mat til alle som ville vera med, og det vart mange.

Tale frå søndag kan du lytta til ved å bruka denne nettadressa:
http://www.mediafire.com/file/3txz6m9xjfjnev9/De_må_bli_som_barn_igjen.WMA

Gudsteneste med dåp søndag 9.sept

Komande søndag vil Levi Elias Reinertsen bli døypt i Kristkyrkja. Alle er velkomen til å vera med på gudstenesta og festen etterpå.

Pastor Jens Thoresen vil snakka om det faktum at me alle må bli som barn att for å koma inn i Guds rike.

Vel møtt!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?