Komande søndag, den 26.august, vert det FORBØNSGUDSTENESTE i Utbygdo grendahus kl. 11. Då ser me ut over oss sjølve og ber for kristne i andre deler av verda, folk og nasjonar. Vel møtt.
august 2012Monthly Archives
Ein flott dåpssøndag
Søndag den 19. august vart Heidi Marie Nordfonn døypt. Det vart ein fantastisk dag med fest både under og etter gudstenesta. Heile kyrkjelyden feira saman heile dagen. Pastor Jens Thoresen talte ut frå Johannes 3,1-16 der Jesus samtaler med Nikodemus og fører han frå å vera ein religiøs person til å bli eit Guds barn av nåde. Du kan lesa talen her: Nikodemus
Gudsteneste med dåp 19.august
Komande søndag, den 19. august, blir det gudsteneste med dåp av Heidi Marie Nordfonn i Utbygdo grendahus. Då er alle hjarteleg velkomen.
Etter gudstenesta feirar me dåpen saman. Då blir det god mat å få for alle.
Denne søndagen er det pastor Jens Thoresen som forkynner om den nye fødsel ut frå Johannes 3,1-16.
Tone Synneve Hellesøy leier lovsangen, og Marie Notland har søndagsskulen. Vel møtt!