juni 2012Monthly Archives
Tale søndag 17. juni over 1.Korintarbrev 6,12-20
http://www.mediafire.com/?iauivue6582lo40
Kristen søskenkjærleik opnar for Gud. Tale 10.juni
http://www.mediafire.com/?rk09195owvykbv5
«Guds nærhet» i Stavanger
8.-10. juni var det «Guds nærhet»-konferanse i IMI-kirken i Stavanger. Talar var Mark Stibbe (bilete til høgre) og John og Carol Arnot.
Det var fantastiske dagar med undervisning og fellesskap høgt over det vanlege. Dette er kremen av det Gud har å by på for vår generasjon.
Mark Stibbe talte om Guds manifisterte nærvær slik han sjølv hadde møtt det, og slik me kan lesa om det i Bibelen, om profetisk evangelisering og om Guds farshjerte for ein farlaus generasjon.
John og Carol fortalde levande og ekte om erfaringar frå sine eigne liv ut frå Bibelens vitnemål om korleis Gud kjem til oss for å velsigna oss. Under heile helga vart menneske møtt av Gud på ulikt vis, til lækjedom og utrustning.
Gudsteneste søndag 10.juni
Søndag 10. juni er det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over enkelte element i 1.Korintarbrev 6. Det er viktig at me som kristne er snille med kvarandre og lever skikkeleg. Nåden dekker oss berre i den grad me vender om frå syndene våre. Held me fast på dei, stenger me for Guds velsigning i liva våre, og me førest bort frå han som er vår kjærlege skapar og far. VEL MØTT TIL GUDSTENESTE ALLE.