Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste søndag 13. mai i Aulaen på Leirvik skule

Søndag vert det gudsteneste i Aulaen på Leirvik skule. Grunnen til dette er konfirmasjonsfest både på grendahuset og på Langeland skule, som me vanlegvis nyttar som reserveløysing. Men lokala på Leirvik skule er veleigna for oss. Du er hjarteleg velkomen.

Søndag begynnar me å oppgradera kyrkjelyden sin misjonsprofil. Det blir bøn for ulike misjonsprosjekt, unådde folkeslag og forfølgde kristne, på alle gudstenester framover. Samstundes har me bestemt at alle kollektar skal gå til eksterne prosjekt, og då primært til misjon. Denne søndagen til eit prosjekt som me har støtta lenge, omsetting av Bibelen til dunganspråket. Dunganfolket tel over 10 millionar menneske. Dei er kinesiske muslimar. Dei fleste av dei bur i nord-Kina, men bibelomsettinga me støttar er retta mot dei 130 000 som lever i Kirgisistan. Det er Institute for Bibeltranslation som står bak  arbeidet, godt støtta av Stefanusalliansen (tidlegare Norsk Misjon i Øst). Vår støtte går gjennom sistnemnde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?