Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2012Monthly Archives

Strålande weekend på Solgry

Det vart ei strålande helg på Solgry. Været synte seg frå den beste sida, sommaren tok skikkeleg tak, og folk koste seg på kanotur og med bading. Laurdag føremiddag var det barnemøte med sang og drama Her måtte lenkene av. Tone Synneve og Lilli kosa seg stort i sommarsola Så fann Amir ei fugl som diverre døydde frå oss Godgutane ved middagsbordet: David, Markus, Johannes og Amir

Gudsteneste i Rosendal 20.mai

Her er litt av gjengen som var samla til gudsteneste i Rosendal bedehus søndag 20. mai. Det vart ein fin tur for oss frå Stord som tok turen innover, og me hadde ei god gudsteneste der Gud fekk fin lovsong og respons på ordet sitt.

Pastor Jens Thoresen talte om «omvending og tilgjeving.» Talen kan du høyra ved å følgja linken under. Kopier han inn i søkevindauga ditt og trykk shift. God fornøying.

http://www.mediafire.com/file/9c1ygjch10xvlup/Rosendal_20.mai_2012,_Lukas_24,47_ff.WMA

17.mai 2012: Kristkyrkja for første gong representert i borgartoget

For førstegong i historia var Kristkyrkja representert i borgartoget. Eit titals medlemmer var med og gjekk, dei fleste innvandrarvener. Marie, som me ser fremst til venstre, har laga banneret vårt. Takk til henne.

På baksida lyste evangeliet mot alle som sto langs ruta. Forresten, me snudde banneret slik at Jesus kom fremst.

Me vart forresten plasserte rett bak «Rævkroklauget» med Bjørn Arve Lunde i brodden. Dei  gav oss musikalsk drahjelp heile vegen. Morosame typar.

Reins ut gamal surdeig. Tale 13.mai

Kopier linken inn i søkevindauge og trykk shift:

http://www.mediafire.com/?ko5wh1lss5zrykm

Global bøn

11.mai 2012

Gudsteneste søndag 13. mai i Aulaen på Leirvik skule

Søndag vert det gudsteneste i Aulaen på Leirvik skule. Grunnen til dette er konfirmasjonsfest både på grendahuset og på Langeland skule, som me vanlegvis nyttar som reserveløysing. Men lokala på Leirvik skule er veleigna for oss. Du er hjarteleg velkomen. Søndag begynnar me å oppgradera kyrkjelyden sin misjonsprofil. Det blir bøn for ulike misjonsprosjekt, unådde folkeslag og forfølgde kristne, på alle gudstenester framover. Samstundes har me bestemt at alle kollektar skal gå til eksterne prosjekt, og då primært til misjon.… Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?