Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Agenda 1

12.-14. januar var Marie Notland, Marit Aas, Knut Arve Nordfonn og Jens Thoresen på ein konferanse  i IMI-kirken i Stavanger. Der var det 4-5 personar frå 7 kyrkjelydar og forsamlingar samla for å starta eit  utviklingsprogram som vert kalla Agenda 1. Dette har pågått i 4 år i diverse europeiske kyrkjelydar, og IMI-kirken i Stavanger har vore delaktig frå starten av, og er ressurskyrkjelyden for dette programmet i Noreg. Martin Cave, pastor i IMI-kirken, kunne fortelja at Agenda 1 hadde endra kyrkjelyden deira totalt i positiv retning. Han er ikkje å kjenna att, sa han.

Agenda 1 handlar om å føra kyrkjelydane attende til Jesus og dei første kristne sin måte å jobba på. Det handlar om DISIPPELSKAP og MISJONALE FELLESSKAP, og inneber ein STOR GRAD AV ANSVARLEGDOM OG LITEN GRAD AV KONTROLL. Samlinga i Stavanger gav oss mykje god startakapital, og me vil med iver gå inn for å forma kyrkjelydsarbeidet vårt etter dette mønsteret. Det vil koma til å bety ein viss omlegging av kursen.

Grunnboka som alle bør lesa er skriven av  Mike  Breen og Steve Cockram og heiter  «Å bygge en disippelkultur.» Den kan du få kjøpt i kyrkjelyden, vonleg alt på søndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?