Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2012Monthly Archives

Agenda 1

12.-14. januar var Marie Notland, Marit Aas, Knut Arve Nordfonn og Jens Thoresen på ein konferanse  i IMI-kirken i Stavanger. Der var det 4-5 personar frå 7 kyrkjelydar og forsamlingar samla for å starta eit  utviklingsprogram som vert kalla Agenda 1. Dette har pågått i 4 år i diverse europeiske kyrkjelydar, og IMI-kirken i Stavanger har vore delaktig frå starten av, og er ressurskyrkjelyden for dette programmet i Noreg. Martin Cave, pastor i IMI-kirken, kunne fortelja at Agenda 1 hadde endra kyrkjelyden deira totalt i positiv retning. Han er ikkje å kjenna att, sa han.

Agenda 1 handlar om å føra kyrkjelydane attende til Jesus og dei første kristne sin måte å jobba på. Det handlar om DISIPPELSKAP og MISJONALE FELLESSKAP, og inneber ein STOR GRAD AV ANSVARLEGDOM OG LITEN GRAD AV KONTROLL. Samlinga i Stavanger gav oss mykje god startakapital, og me vil med iver gå inn for å forma kyrkjelydsarbeidet vårt etter dette mønsteret. Det vil koma til å bety ein viss omlegging av kursen.

Grunnboka som alle bør lesa er skriven av  Mike  Breen og Steve Cockram og heiter  «Å bygge en disippelkultur.» Den kan du få kjøpt i kyrkjelyden, vonleg alt på søndag.

Inntrykk frå gudstenesta 8. januar

Gudstenesta i dag, 8. januar, vart ei god oppleving frå ende til annan. Marit Aas fortalde levande om Jesus som 12-åring i templet, lovsongen rørte ved hjarto, og mange syntest at undervisninga frå 1. Korintarbrev 2 var engasjerande og opplysande. Denne kan du lytta til her: http://www.mediafire.com/?iz3qwhgq0q32f1r. Kopier adressa og lim henne inn i søkevindauga, så kjem talen opp. Lukke til 🙂

Her er andre innttrykk frå samlinga:


vesle John Ruben kjenner teksten godt, og er ivrig etter å hjelpa talaren.

 

Vårt nye lovsongsteam: Louise, Anna Naomi og Lin Elise. Dei gav godt på.

Og Magnus kunne ikkje vera dårlegare han heller.

Apostelgjerningane 18,1-11

I går hadde me møte med medlemmene våre i Kvinnherad. Det vart ei fin stund. Her kan du høyra talen. Berre kopier linken inn i søkevindauga, så går det sin gong.

http://www.mediafire.com/file/t1gdyah5spe31qc/Paulus i Korint. Apg.18,1-11.WMA

Festleg nyttårsfeiring

Nyttårsafta var rundt 30 personar samla i grendahuset for å feira kvelden saman. Det vart ein kjekk kveld med mange aktivitetar. Alle koste seg. Her er nokre inntrykk:

Fortellinga om "Lilli Willy" skapte stor entusiasme mellom dei små

Tigerjakta fekk latteren på gli

Hatteleiken er alltid like polulær

Det same kan me seia om iransk dans. Her er det Nazani som syner oss korleis det skal gjerast.

Og kurdarane var ikkje dårlegare dei hellerSå måtte me sjølvsagt gå rundt juletreet

der «O jul med din glede høyrer naturleg med

Så var 2011 over og 2012 kunne begynna.

 

 

 

Julafta 2011

Lin Elise og Amir som Maria og Josef med Jesusbarnet

60-70 menneske besøkte Kristkyrkja si gudsteneste julafta og fekk sjå dei små i kyrkjelyden framføra juleevangeliet med stor innleving og kompetanse. Ingvild Nordfonn hadde regien både på skodespelet og på mykje av det som elles skjedde under gudstenesta. Ei god og stemningsfull stund.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?