Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Liv eller død?

Den 31.oktober feirar barn og unge Halloween. Halloween skriv seg frå den gamle katolske feiringa av Allehelgensdag, men den moderne feiringa er meir prega av hekseri og dødsdyrking, noko som opphaveleg skriv seg frå Mexico der dei, i følgje Wikipedia, kallar dagen «dei dødes dag».

Den moderne Halloweenfeiringa kom til Noreg i år 2000 etter eit ganske stort reklamepress frå forretningsstanden. Dei meinte dei hadde bruk for det meirsalet dette kunne gje dei før jula sette inn.

Det er nedslåande at denne dødskultusen har fått innpass i norske barnehagar og skular. I ei tid då me gjerne vil skjerma barna mot det som kan skremma og skapa frykt, innfører me ein skikk fullpakka av redslefulle bilete og tvilsamt religiøst innhald. Ikkje lett å forstå.

Ein godt alternativ måtte vera ein god og saftig hausttakkefest der barna fekk eta frukt og grønt og synga songar som ærar og prisar han som skapte livet, og som tek vare på oss kvar dag.

Døden er ein realitet. Men den skal ikkje dyrkast. Bibelen åtvarar oss mot det. Å dyrka døden er heidensk.

Den 31 oktober er også den store reformasjonsdagen då me minnast at Martin Luther spikra opp dei 95 tesane sine mot avlatshandelen på slottskyrkjedøra i Wittenberg.

Denne hendinga kom til å forma Europa sin historie avgjerande.

Det hadde ikkje vore noko å seia på om skular og barnehagar også markerte reformasjonen den 31.oktober. Her er det stoff for mykje god dramatisering. Ei slik feiring kunne gje barn og unge ei forståing for Guds ufortente nåde som kunne vera ein stor indre ressurs for dei i livsens mange stormar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?