Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«Det er så bra at de er her!»

Nattevangelistane Marit Aas, Harald Ersland, Jens Thoresen og Marie Notland.

 

«Det er så bra at de er her!» var ein vanleg kommentar å høyra natt til søndag då me var ute på gata for å dela lappekaker, kaffi, kakao og Guds kjærleik med folk som dyrkar utelivet. Ei dame meinte me var alt for slakke i tenesta, og burde vore å sjå i bybilete langt oftare. Sjølv trudde ho på Jesus, men var enno ikkje komen dit hen at ho ville stå offentleg fram med trua si. Det meiner me må berre vera «matter of time!»

Det var mange på by`n denne natta, og det var ein jamn straum med folk bort til kaffibordet, og mange av dei ville gjerne prata om Gud og Jesus. Det vart mange gode , og nokre djupe samtalar.

«Me kan ikkje venta lenge til neste gang,» sa Marie, og det var me alle godt samde om. Det er ein stor marknad for evangeliet der ute mellom menneska, og gata er evangeliet si rette adresse. Det sa Jesus, og det seier me.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?