Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

150 i fakkeltog for forfølgde kristne

Om lag 150 sunnhordlendingar var møtt fram for å ta del i fakkeltoget til støtte dei mange forfølgde kristne verda over torsdag kveld den 27. oktober. Det var Norsk Misjon i Øst, Åpne Dører, Stord kyrkje, Kristent Fellesskap, Den Frie Evangeliske Forsamling og Kristkyrkja som sto bak arrangementet. På torget heldt Eli Minde ein glødande appell som var retta både mot opinionen og norske politikarar som ho meinte er alt for lite flinke til å protestera på slik forfølging  overfor land som driv med slikt.

Les appellen hennar her: Eli sin torgappell

Faklane lyste opp for dei forfølgde kristne på Leirvik torg torsdag

Eli Minde heldt ein glødande appell med adresse til det politiske Noreg

Eli Minde heldt ein glødande appell med klår adresse til norske politikarar

Toget på 200 meters lengde bevega seg gjennom vind og blest til Stord kyrkje der det var lovsong, bøn, talar og kollekt til dei kristne menneskerettsorganisajonane Norsk Misjon i Øst og Åpne Dører.

Sokneprest Aksel Lygre heldt ein sterk og god tale for dei frammøtte der han utfrodra alle til å engasjera seg sterkt for dei forfølgde. «Dette er ikkje eit engasjement som den enkelte av oss kan velgja bort,» sa han » her har me rett og slett ikkje noko val,» var bodskapen han kom med. Les heile appellen til Aksel her: Appell-Leirvik

Eit team frå dei ulike kyrkjelydane leida lovsongen på ein framifrå måte, med vakre soloinnslag innimellom av Heidi Rolfsnes (nest borterst).

Fleire kristne flyktningar som kan bli berørte av forfølgingar, var også aktive, men av tryggleiksgrunnar vil me ikkje leggja ut bilete av desse. Ein ung mann frå Iran sa følgjande: «Ingen kan drepa den kristne bodskapen sjølv om dei drep oss kristne. Som truande er me som såkorn», sa han, «kvar einaste dag kjem mange muslimar i Iran til tru på Jesus Kristus.»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?