Kopier og følg denne linken:
http://www.mediafire.com/?ava0ovd5idlnu
Kopier og følg denne linken:
http://www.mediafire.com/?ava0ovd5idlnu
Den 31.oktober feirar barn og unge Halloween. Halloween skriv seg frå den gamle katolske feiringa av Allehelgensdag, men den moderne feiringa er meir prega av hekseri og dødsdyrking, noko som opphaveleg skriv seg frå Mexico der dei, i følgje Wikipedia, kallar dagen «dei dødes dag». Den moderne Halloweenfeiringa kom til Noreg i år 2000 etter eit ganske stort reklamepress frå forretningsstanden. Dei meinte dei hadde bruk for det meirsalet dette kunne gje dei før jula sette inn. Det er nedslåande… Continue reading
Om lag 150 sunnhordlendingar var møtt fram for å ta del i fakkeltoget til støtte dei mange forfølgde kristne verda over torsdag kveld den 27. oktober. Det var Norsk Misjon i Øst, Åpne Dører, Stord kyrkje, Kristent Fellesskap, Den Frie Evangeliske Forsamling og Kristkyrkja som sto bak arrangementet. På torget heldt Eli Minde ein glødande appell som var retta både mot opinionen og norske politikarar som ho meinte er alt for lite flinke til å protestera på slik forfølging overfor land som driv med slikt.
Les appellen hennar her: Eli sin torgappell
Eli Minde heldt ein glødande appell med klår adresse til norske politikarar
Toget på 200 meters lengde bevega seg gjennom vind og blest til Stord kyrkje der det var lovsong, bøn, talar og kollekt til dei kristne menneskerettsorganisajonane Norsk Misjon i Øst og Åpne Dører.
Sokneprest Aksel Lygre heldt ein sterk og god tale for dei frammøtte der han utfrodra alle til å engasjera seg sterkt for dei forfølgde. «Dette er ikkje eit engasjement som den enkelte av oss kan velgja bort,» sa han » her har me rett og slett ikkje noko val,» var bodskapen han kom med. Les heile appellen til Aksel her: Appell-Leirvik
Eit team frå dei ulike kyrkjelydane leida lovsongen på ein framifrå måte, med vakre soloinnslag innimellom av Heidi Rolfsnes (nest borterst).
Fleire kristne flyktningar som kan bli berørte av forfølgingar, var også aktive, men av tryggleiksgrunnar vil me ikkje leggja ut bilete av desse. Ein ung mann frå Iran sa følgjande: «Ingen kan drepa den kristne bodskapen sjølv om dei drep oss kristne. Som truande er me som såkorn», sa han, «kvar einaste dag kjem mange muslimar i Iran til tru på Jesus Kristus.»
Klipp denne linken inn i søkevindauget og klikk shift, og om nødvending trykk «talar» i venstremargen.
http://www.mediafire.com/#ava0ovd5idlnu,1
Følg denne linken:
http://www.mediafire.com/?eyf12p99f6vsu6m
«Det er så bra at de er her!» var ein vanleg kommentar å høyra natt til søndag då me var ute på gata for å dela lappekaker, kaffi, kakao og Guds kjærleik med folk som dyrkar utelivet. Ei dame meinte me var alt for slakke i tenesta, og burde vore å sjå i bybilete langt oftare. Sjølv trudde ho på Jesus, men var enno ikkje komen dit hen at ho ville stå offentleg fram med trua si. Det meiner me må berre vera «matter of time!»
Det var mange på by`n denne natta, og det var ein jamn straum med folk bort til kaffibordet, og mange av dei ville gjerne prata om Gud og Jesus. Det vart mange gode , og nokre djupe samtalar.
«Me kan ikkje venta lenge til neste gang,» sa Marie, og det var me alle godt samde om. Det er ein stor marknad for evangeliet der ute mellom menneska, og gata er evangeliet si rette adresse. Det sa Jesus, og det seier me.