Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gateevangelisering til hornemusikk i godt vær

Ein flott gjeng som gjorde sitt beste for Jesus på gata. Denne kyrkjelyden er priveligert som har så mange glødande medlemmer.

Laurdag 17. september var me ein heil gjeng på torget i Leirvik sentrum og delte ut vafler, invitasjonar til gudsteneste og evangeliseringstraktatar til forbipasserande. Det synte seg at Frelsesarmeen også var til stades med eit hornemusikkorps frå Bergen (Ladegården korps), og dei spelte  janitsjarmusikk med god kvalitet. Her var det ikkje mange rustne tonar. Me fekk, takka vere flyktningevenene våre, delt ut mykje litteratur denne gongen, og det var mange varme smil å få frå folk som tok seg ein kopp kaffi og ei vafle. God stemning.

Mehrzad finn seg gjerne gode vener over alt. Han har eit vinnande vesen.

Lili og mange andre av våre flyktningevener delte ut mange traktatar.

Pastor Jens Thoresen presenterte evangeliet ved hjelp av teiknetavle og maling. Mange lytta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?