Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Eg vil lova Herren

Mange plassar i Salmane finn me uttrykket: Eg vil lova Herren. T.d. i Salme 146 vers 2. Det er som om salmisten har bestemt seg for at det er det han vil han gjera her i verda.

Lovsongen kan gjerne vera spontan og  bryta fram etter eit herleg bønesvar. Men meir enn noko anna er lovsongen ein livsstil hos kristne som har forstått kva det dreiar seg om her i livet: å gje Gud ære.

Då hevar me lovsongen over kjensler og stemningar, og gjer han til ei teneste for Gud, ikkje for noko anna enn at Gud er Gud og fortener vår lovsong og elskar vårt nærvær.

Gode Far i himmelen! Eg lovar og prisar deg, min Gud, og eg vil syngja for deg så lenge eg er til. Til evig tid skal alt som pustar prisa di makt og din godleik. Du skapte oss til deg, og for vår skuld sende du Sonen din til verda for å ta bort syndene våre med sitt offer, slik at me kvar dag kan koma heilt inn til ditt livgjevande hjarta.

Herre, slik som du byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk, slik byggjer du også di kyrkje og samlar syndarar ved ditt bord. Du lækjer dei som har eit sundbrote hjarta, og fetlar deira verkjande sår. Stor er du, og rik på kraft, ditt skjøn er utan grense. Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?