Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2011Monthly Archives

Eg vil lova Herren

Mange plassar i Salmane finn me uttrykket: Eg vil lova Herren. T.d. i Salme 146 vers 2. Det er som om salmisten har bestemt seg for at det er det han vil han gjera her i verda.

Lovsongen kan gjerne vera spontan og  bryta fram etter eit herleg bønesvar. Men meir enn noko anna er lovsongen ein livsstil hos kristne som har forstått kva det dreiar seg om her i livet: å gje Gud ære.

Då hevar me lovsongen over kjensler og stemningar, og gjer han til ei teneste for Gud, ikkje for noko anna enn at Gud er Gud og fortener vår lovsong og elskar vårt nærvær.

Gode Far i himmelen! Eg lovar og prisar deg, min Gud, og eg vil syngja for deg så lenge eg er til. Til evig tid skal alt som pustar prisa di makt og din godleik. Du skapte oss til deg, og for vår skuld sende du Sonen din til verda for å ta bort syndene våre med sitt offer, slik at me kvar dag kan koma heilt inn til ditt livgjevande hjarta.

Herre, slik som du byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk, slik byggjer du også di kyrkje og samlar syndarar ved ditt bord. Du lækjer dei som har eit sundbrote hjarta, og fetlar deira verkjande sår. Stor er du, og rik på kraft, ditt skjøn er utan grense. Amen!

Gudsteneste 25. september med besøk frå Norsk Gideon

Flotte representantar for Gideon informerte om bibelmisjonenUnder gudstenesta i dag hadde me viktig og koseleg besøk frå Norsk Gideon som orienterte om bibelmisjonen sitt arbeid i Sunnhordland. Dei siste åra har dei måtta kjempa hardare enn før for å koma inn på ungdomsskulane for å dela ut nytestamenter til elevane. Men dei er ved godt mot, og ber seg gjennom hinder etter hinder.

Marit Aas fortalde om Abraham og Sara for barna, og Magnus viser stor interesse.

Og alle barna følgde konsentrert med.

Anna Naomi, Lin Elise og John Ruben leidde oss i songen «Jesus er trua mi.» Det gjekk så det suste. Snakk om trygge og frimodige barn.

Pastor Jens Thoresen talte over Lukas 17,11-19. Her er manus for dei som vil ha det med seg: Dei ti spedalske

Då Eline vart døypt.

Full neddykking er den normale dåpsformen i Kristkyrkja. Her er det gjort.

Eline Gravdal Åsmul var i godt humør og smilte og lo frå ho kom til gudstenesta til ho vart teken med heim.
Tema for gudstenesta var eller om den miskunnsame samaritanen. På søndagsskulen var det drama med påfølgjande samtale, og pastor Jens Thoresen talte seinare over det same emnet. Her er tekstfila til talen om nokon vil lesa: Den miskunnsame samaritanen

Pastor Jens Thoresen ber for den nydøypte.

Eline saman med mamma Hilde, pappa Oddvar og fadrane Olaug Elin og Bjørn Beckman, samt Solvieg og Vidar Skaar.

Og her saman med besteforeldra, Jostein og Grete, og bestemot og bestefar Åsmul frå Kyrksæterøra i Trøndelag

Energi og glede i Leirvik bedhus då barn frå Watotoheimane i Uganda gjesta Stord

Det vart sang og dans til Herrens ære i Leirvik bedehus då 30 barn og vaksne frå Watotoheimane i Uganda gjesta Stord onsdag 14.sept. Showet var velregisert, og barna hadde ei utstråling og ein sjølvsagt måte å opptre på som imponerte dei om lag 200 frammøtte. I Uganda har AIDS-epedemien fare hardt fram mot den vaksne delen befolkninga, og landet fløymer over av foreldrelause barn. 2000 av dei få no omsorg og opplæring gjennom Watotokollektiva. Denne kvelden fekk mange barn… Continue reading »

Gateevangelisering til hornemusikk i godt vær

Laurdag 17. september var me ein heil gjeng på torget i Leirvik sentrum og delte ut vafler, invitasjonar til gudsteneste og evangeliseringstraktatar til forbipasserande. Det synte seg at Frelsesarmeen også var til stades med eit hornemusikkorps frå Bergen (Ladegården korps), og dei spelte  janitsjarmusikk med god kvalitet. Her var det ikkje mange rustne tonar. Me fekk, takka vere flyktningevenene våre, delt ut mykje litteratur denne gongen, og det var mange varme smil å få frå folk som tok seg ein… Continue reading »

Over 50 på gudsteneste søndag

Over 50 personar var møtt fram for å vera med på gudsteneste på Langeland skule søndag. Av desse ein god gjeng frå Kvinnherad. Gudstenesta vart avslutta med felles middag, og stemninga var svært  god. Annbjørg Reinertsen Notland fortalde om Noas ark for barna, og det skapte stort engasjement. Alle kunne nemna eitt eller anna dyr dei meinte måtta ha vore med i arken. Pastor Jens Thoresen talte om Bibelen som Guds kjærleiksbrev til verda. Talen gjorde nokon veldig godt, og… Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?