Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Skapingsforteljinga skapte stort engasjement hos barna

Marie fortalde levande om då Gud skapte verda, og barna var veldig engasjerte

 

Det gjekk i bjørnar, løver og kaniner. Marie Notland klarte verkeleg å fenga barna med den gode gamle forteljinga om då Gud skapte verda. Her var det mammaløver og pappaløver, to av kvart slag dyr, og i hagen var alle vener. Og me som vaksne er var visst heilt med me også. Flanelografen er vel ikkje heilt moderne lenger, men det ser ikkje ut til å gjera noko som helst. Gjennom desse figurane får barna nærleik til forteljinga. Og nokre hadde alt høyrt om dette i barnehagen sin, så dei hjalp godt til med å få alt rett.

Elles talte pastor Jens Thoresen om Jesus som den einaste som kan gje oss frelse. Han tok utgangspunkt i 1.Korintarbrev 3,11 der det står: «Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus.»

Frelsa ligg i å ha ein personleg relasjon til den oppstadne Jesus Kristus. Fundamentet er ikkje eit teoretisk læregrunnlag, men personen Jesus som me må overgje oss til.

Talen kan sendast som lydfil til alle interesserte. Send melding til jethore@online.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?