Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2011Monthly Archives

Skapingsforteljinga skapte stort engasjement hos barna

Marie fortalde levande om då Gud skapte verda, og barna var veldig engasjerte

 

Det gjekk i bjørnar, løver og kaniner. Marie Notland klarte verkeleg å fenga barna med den gode gamle forteljinga om då Gud skapte verda. Her var det mammaløver og pappaløver, to av kvart slag dyr, og i hagen var alle vener. Og me som vaksne er var visst heilt med me også. Flanelografen er vel ikkje heilt moderne lenger, men det ser ikkje ut til å gjera noko som helst. Gjennom desse figurane får barna nærleik til forteljinga. Og nokre hadde alt høyrt om dette i barnehagen sin, så dei hjalp godt til med å få alt rett.

Elles talte pastor Jens Thoresen om Jesus som den einaste som kan gje oss frelse. Han tok utgangspunkt i 1.Korintarbrev 3,11 der det står: «Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus.»

Frelsa ligg i å ha ein personleg relasjon til den oppstadne Jesus Kristus. Fundamentet er ikkje eit teoretisk læregrunnlag, men personen Jesus som me må overgje oss til.

Talen kan sendast som lydfil til alle interesserte. Send melding til jethore@online.no

Møte i Rosendal

Kjære venner!

Marit og eg var i Rosendal på møte i går. For dei av dykk som har tid og interesse: her er talen. Den handlar om kvifor tru er så grådig viktig.

Gudsteneste i Rosendal søndag 14. august

Rosendal med mektige Melderskin i bakgrunn

14.august, blir det gudsteneste i Rosendal kl 15. Me reiser med ferge frå Skjærsholmane kl 12.30. Dei som har ledig plass i bilane sine møter på asylmottaket på Heiane kl. 12.10.

Knut Arve Nordfonn forkynner Guds ord denne dagen.

Me gleder oss til ein kjekk tur.

Gudsteneste 7.august

7.august vert det gudsteneste i Utbygdo grendahus kl. 11.00. Det vert opplegg for barna, tale for dei vaksne av pastor Jens Thoresen og det vert nattverd. Denne søndagen startar me med å undervisa om trua sine fundament. Me treng alle å byggja liva våre på noko som er sikkert og visst, og det sikraste av alt her i verda er at Gud elskar oss, og det blir emnet for søndagens tale.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med feiring av dåpen til den nye familien vår. Vel møtt.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?