Ny andakt i dag
juli 2011Monthly Archives
Gripande dåpsgudsteneste
Søndag 24.juli hadde me gleda av å døypa 3 flyktningar i lokala til Den Frie Evangeliske Forsamling, Ebenezer. Om lag 25 menneske hadde funne tid til å vera med på denne seremonien.
Det vart ei emosjonell og gripande stund for mange av oss, særleg då N gav vitnemålet sitt. Ho fortalde korleis ho hadde bedd Jesus om å syna seg for henne dersom det var Han som var den rette, og om det mektige som hende med henne etterpå då Jesus kom til henne med sin kjærleik og kraft.
Takkebøn
Dagen lang er det godt å takka og prisa Gud. Under vignetten «bøner» finn du ei ny takkebøn som du kan ha glede av å bruka.
Utan helging skal ingen sjå Herren
Les dagens andakt
Fakkeltog for forfølgde kristne
Torsdag den 27. oktober går me saman med dei fleste kyrkjelydane på Stord, samt Norsk Misjon i Øst og Åpne Dører om å arrangera eit fakkeltog som går frå torget til Stord kyrkje, der me kjem til å ha lovsongs og bønekveld for våre kristne søsken som kjempar for eksistensen sin, og som må tena Jesus med fare for sine eigne liv. I land som Nord Korea, Iran, Saudi Arabia, Nigeria, Sudan og India er forfølginga av kristne massiv. Annankvart minutt blir eit kristen drepen pga trua si. Dei er våre søsken, og me vil gjerne gje dei ei handstrekning, og stå solidarisk med dei i striden. Arrangementet blir naturlegvis på kveldstid. SET AV DENNE DATOEN.
Dåp
Søndag den 24. juli blir det dåp av den nye iransk-kurdiske familien som er blitt kristne. Det kjem til å skje kl. 17 om ettermiddagen. Set av denne tida i planen din.