24-26 juni var me på Wycliffehelg i Drammen. Det gav oss mykje. Her fekk me møta folk som no er i full gang med bibelomsetting i eit minioritetsspråk, andre som hadde gjort jobben ferdig, nokre som står på trappene til å reisa og ein god del heimeverande støttespelarar. Helena og Leif Engkvist frå «Folk og språk» (Wycliffe) i Sverige var også med og fortalde sterkt om tida si på Ferguson Island. Nedanfor kan du lesa noko av det dei opplevde.
Hans Olav Mørk frå Det norske bibelselskap fortalde om den nye norske omsettinga som kjem til hausten, og så sang han for oss, flotte songar han har laga i ulike fasar av livet.